Vinden
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
Vinden, som spring kring novene på huset mitt i kveld, veit ingen ting. Han spring berre og talar med seg sjølv om alt som er tomt - og fyller det. Han veit ingen ting! Vinden, som voggar antenna på taket, kva veit han om bårene som slår ned og spring ut som blomar på skjermen? Med dansande føter der, med ungdom og ynde, med dødskamp i ras og jordskjelv, med krig og jakt på brotsmenn, med sjøliv og fjell-liv og havliv i djupaste botnar dit kamera når? Nei, vinden veit ingen ting! Vinden, som ruskar og riv i håret mitt, håret, som sola har bleikt til snøhår meir og meir, kva veit vinden om tankar som tærer under det, om syner som slit, om angest som eltar til uro ved dag og i dorm? Ingen ting veit vinden. Visste han noko, var han vel òg ein uven? Velsigna vere vinden, den trufaste venen min! Han veit ingen ting, men   e r   her likevel, følgjer meg støtt, riv i granene, fargar fjorden kvit og grå, bølgjar gjennom graset, kviskrar trøyst, reiser med rusk og støv, veks i velde til storm. Veks, veks, venen min! Bli sterk og trygg! Men somtid - når vinden kviskrar så lint at han nesten ikkje er til, d å   fer det eit sverd i hjartet mitt: Vinden veit   a l t ! Vinden   v e i t   a l t ! V i n d e n   v e i t   a l t ! |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |